Opplev Volda på ein ny måte ♥️

Vi tek deg med på ei lydguida vandring med lokale forteljingar, dramatisering, musikk, humor og alvor undervegs. Det er ei reise i tid, men også ei reise i deg sjølv.

Det handlar om å løfte blikket og legge merke til det som ikkje alltid får merksemd i kvardagen. Turen passar like godt for ein tilreisande som ein «erkevolding».

Ein liten smakebit:

Bruk eigne høyretelefonar/proppar og spel av med telefonen. Oppstart utanfor rådhuset, så tek vi deg gjennom sentrum, Elvadalen og til Høgskulen. Turen er på ein time og 20 minutt, 3,5 km.

Sponsorar