Slik fungerer det

I Lydvandringa brukar du din eigen mobil og høyretelefonar.

Du startar ved Volda rådhus (Stormyra 2).

Lydvandringa varer i ein time og 20 minutt og sjølve turen er rundt 3,5 km lang. Dette inkluderer Volda sentrum, Elvadalen og Høgskule-området.

Turen avsluttast ved Lærarhøgskulen, Skjervavegen 22.

Du kan gå når det sjølv passar deg. Aleine eller i ei gruppe på fleire personar.

Målet er at du skal sitte igjen med nye inntrykk og kanskje ny lærdom og stoltheit over bygda, naturen, Sunnmøre og deg sjølv. 

Dersom du på eit tidspunkt skulle ha behov for å stoppe, er det mogleg å pause og starte igjen, men vi anbefaler at du gjennomfører turen i si heilheit. 

Tips

Kva er innhaldet? 

Dyktige forteljarar gir deg lokal historie frå Volda og Sunnmøre, både eldre og nyare. Men vi kjem også innom anna tematikk som har som mål å få deg til å reflektere. Det er laga med både humor og alvor. Avspelinga har musikk og lydeffektar, som gjer at du verkeleg kan leve deg inn i innhaldet.

Høyr eit lite utdrag:

Tematikken vi kjem innom er Volda si unike utdanning- og bibliotekshistorie, Aarflot prenteverk og Sivert Aarflot, “Padda” i Austefjorden, nynorsk og Ivar Aasen, vikingtid, båtbygging og ferje, gallionsfiguren i sentrum, sunnmørske fyrbyggjarar, Det grøne Tredet, Volda kyrkje, Egget og Astrid Eidseth Rygh, Snublesteinen til Abraham Mahler, Sparebank 1 og bankhistoria, «gata» og gründervirksomheit, industrihistorie, Volda sanitetsforeining, Elvadalen, gjerrige sunnmøringar, turkultur, Olavius knivmakar, Høgskulen i Volda, Berte Kanutte, Synnøve Riste og Henrik Kaarstad. Du møter også Are Kalvø og kjende Volda-studentar som Ingvild Bryn, Emil Gukild og Erik Solbakken.

Musikk frå Voldaborn og Gunnar Sigve Aurdal, Vassendgutane og fleire.

Spørsmål og svar

Har du andre spørsmål? Ta kontakt på e-post eller ring 456 77 318.

Kven står bak? 

Det er journalist og volding Espen Moe Breivik som har utvikla Lydvandring Volda, og som har forteljarstemma og leiar deg gjennom turen saman med Elisabeth Mork og Jenny Mork Varpe.

I lydvandringa møter du også Are Kalvø, Hanna Pettersen, Bjørnar Nordal, Benjamin Aalmo, Ingvild Bryn, Kjell Kjellen Bigset, Emil Gukild, Erik Solbakken, Tarjei Meek Lillenes og Emile Morseth-Fraser.

Sponsorar for prosjektet er Sparebank 1 SMN, Tussa Kraft og Naustet Grill.

Takk også til Ivar Aasen-tunet og Tone Slenes, Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv, avisa Møre, Arne Lothe og Vidar Egset, Tove Aurdal Hjellenes, Atle Remmereit, Janna Ilgner, Thomas Ryste, Martin Holvik, Trude Brandal, Borghild Otelie Aasebøstøl, Anne Marie Breivik, Stine Emmen, Linda Iren Breivik, institutt for teater ved Høgskulen i Volda, Sander Segbø Løvaas og fleire!

Quiz etter lydvandringa!

Lyst å gjere lydvandringa til ein større aktivitet for ei venegruppe, skuleklasse eller kollegaer? Del opp i lag eller konkurrer éin og éin med spørsmål du kanskje har fått svar på i vandringa!

Lydvandring Volda avatar

Oppdag mer fra Lydvandring Volda

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese