Det er journalist og volding Espen Moe Breivik som har utvikla Lydvandring Volda, og som har forteljarstemma og leiar deg gjennom turen saman med Elisabeth Mork og Jenny Mork Varpe. I lydvandringa møter du også Are Kalvø, Hanna Pettersen, Bjørnar Nordal, Benjamin Aalmo, Ingvild Bryn, Kjell Kjellen Bigset, Emil Gukild, Erik Solbakken, Tarjei Meek Lillenes…
I Lydvandringa brukar du din eigen mobil og høyretelefonar. Du startar ved Volda rådhus (Stormyra 2). Lydvandringa varer i ein time og 20 minutt og sjølve turen er rundt 3,5 km lang. Dette inkluderer Volda sentrum, Elvadalen og Høgskule-området. Turen avsluttast ved Lærarhøgskulen, Skjervavegen 22. Du kan gå når det sjølv passar deg. Aleine eller…