Det er journalist og volding Espen Moe Breivik som har utvikla Lydvandring Volda, og som har forteljarstemma og leiar deg gjennom turen saman med Elisabeth Mork og Jenny Mork Varpe.
I lydvandringa møter du også Are Kalvø, Hanna Pettersen, Bjørnar Nordal, Benjamin Aalmo, Ingvild Bryn, Kjell Kjellen Bigset, Emil Gukild, Erik Solbakken, Tarjei Meek Lillenes og Emile Morseth-Fraser.

Tematikken vi kjem innom i større eller mindre grad er Volda si skule- og bibliotekshistorie, Aarflot prenteverk og Sivert Aarflot, “Padda” i Austefjorden, nynorsk og Ivar Aasen, vikingtid, båtbygging og ferje, gallionsfiguren i sentrum, sunnmørske fyrbyggjarar, Det grøne Tredet, Volda kyrkje, Egget og Astrid Eidseth Rygh, Snublesteinen til Abraham Mahler, Sparebank 1 og bankhistorie, «gata» og gründervirksomheit, industrihistorie, Volda sanitetsforeining, Elvadalen, gjerrige sunnmøringar, turkultur, Olavius knivmakar, Høgskulen i Volda, Berte Kanutte, Synnøve Riste og Henrik Kaarstad.
Musikk frå Voldaborn og Gunnar Sigve Aurdal, Vassendgutane og fleire.
Høyr eit lite utdrag her:

Sponsorar for prosjektet er Sparebank 1 SMN, Tussa Kraft og Naustet Grill.
Takk også til Ivar Aasen-tunet og Tone Slenes, Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv, avisa Møre, Arne Lothe og Vidar Egset, Tove Aurdal Hjellenes, Atle Remmereit, Janna Ilgner, Thomas Ryste, Martin Holvik, Trude Brandal, Borghild Otelie Aasebøstøl, Anne Marie Breivik, Stine Emmen, Linda Iren Breivik, institutt for teater ved Høgskulen i Volda og fleire!
