Beskrivelse
Etter at du har kjøpt billett får du tilgang til avspelinga frå denne nettsida. Vi sender deg også tilgang på mail.
Start turen og avspelinga utanfor Volda rådhus i Stormyra 2. Deretter guidar vi deg rundt.
Lydvandringa varer i ca ein time og 20 minutt og sjølve turen er opp mot 3,5 kilometer lang. Dette inkluderer Volda sentrum, Elvadalen og Høgskule-området.
Du kan gjennomføre turen når det sjølv passar deg. Aleine eller i ei gruppe på fleire personar.
Dersom du på eit tidspunkt skulle ha behov for å stoppe, er det mogleg å pause og starte igjen seinare, eller spole i opptaket, men vi anbefaler at du gjennomfører turen i si heilheit.
Eit godt tips er å ha ein fullada mobil. Slå gjerne av varsel eller andre forstyrringar. Om du går saman med fleire – start opptaket samtidig.

